Forsiden

Osterøy-quiz

1. Kyrkja på biletet til høgre ligg på den eldste kyrkjestaden på Osterøy. Det er noko usikkert når kyrkja vart bygt. Både 1585 og 1622 er mogelige årstal. Kva er namnet på denne kyrkja?

2. Bullahuset på Valestrandsfossen vart brukt som feriestad for familien til ein kjent komponist. Kva var namnet hans?

3. Kor ligg administrasjonssenteret i Osterøy kommne?

4. Når vart Osterøybrua opna?

5. På Osterøy har Bergen fengsel ei avdeling for open soning. Kva er namnet på øya denne institusjonen ligg på?

6. Det eldste og største hotellet på Osterøy ligg i Fotlandsvåg og vart bygd i 1850-åra som herskapshus for eigarane av Fotlandsvåg Mølle. Kva er namnet på dette historiske hotellet?

7. Ei av dei største private verksemdene på Osterøy leverer sine varer mellom anna til Gucci og Prada i Italia. Kva heiter denne verksemda?


Foto: Nina Aldin Thune

8. Tysse Mekaniske Verksted AS i Tyssebotnen er marknadsleiande i Noreg innan sitt produkt. Kva produserar denne verksemda?

9. Mellom Osterøybrua og Bruvik ligg eit klyngjetun som no er freda. Kva er namnet på dette tunet?

10. Materialane frå ei kyrkje på Osterøy som vart riven i 1866, vart brukt til å byggja bedehuset i Ytre Arna. Kva for ei kyrkje var det?

11. Ein artist frå Valestrandsfossen vart nummer 8 i den europeiske finalen i Melodie Grand Prix i København i mai 2014. Kva heiter han?

12. Når vert det slutt på å betala bompengar for køyring over Osterøybra?

 

Svarene:

1. Hamre kyrkje

2. Ole Bull

3. Lonevåg

4. I 1997

5. Ulfsnesøy

6. Fjordslottet

7. Borge Garveri AS

8. Biltilhengjarar

9. Havråtunet

10. Mjelde kyrkje

11. Carl Espen Thorbjørnsen

12. 1. april 2015