Forsiden

Nettlaus bygd krev statsrådens avgang

Innbuarane i bygda Skauge i Lindås kommune i Hordaland krev no at den ansvarlege statsråden går av etter at bygda har vore utan internettsamband i over ei veke. Men innbuarane er usamde om kven som er ansvarleg statsråd i denne saka. Førebels er dei komne fram til at det anten er kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre eller samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Framstegspartiet. Det er eigentleg godt at vi har slike ting å vera oppteken av i den stoda bygda er komen i, seier talsmannen M. I. Granskauen.

Granskauen fortel at dei fleire gonger har prøvd å koma i kontakt med det som internettselskapet kallar kundeservice. Men dei har til no ikkje nådd fram. Vi får berre høyre ein song, og det er stor usemje i bygda om kva for song dette er. Nokre meiner at det er "stay away", medan andre er sikre på at de er songen "Sail away" av artisten Enya, fortel han til Bergens Tidende.

Granskauen har måttet nytta MMS for å få sendt ut ei såkalla selfie av seg sjølv og den nettlause bygda slik at omverd kunne få vita om stoda bygda noe er komen i.

Han meinar at det no må vera opp til statsminister Erna Solberg å avgjera kven av hennar statsrådar som no må gå av etter denne skandalen. Vi skjøner at det er slik at Sanner er ansvvarleg for distriktsplitikk og IKT-politikk, medan Solvik-Olsen har ansvar for telekommunikasjonane i landet. Her lyt statsministeren gripe inn med handlekraft og skapa den naudsynte klårleik, seier Granskauen.

SISTE NYTT: Nettselskapet opplyser i dag (mandag) i ein sms, at det skal skje noko på onsdag - denne veka.

 

 

Folket i den nettlause bygda krev at anten kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre (biletet) etter hans kollega Ketil Solvik-Olsen frå Framstegspartiet går av etter skandalen.


Fikenbladet.no er både et nettmagasin med blandet innhold og et forlag. Som nettmagasin bringer det også satirisk innhold og går i den forbindelse ikke av veien for å publisere fiktive historier som ser ut som vanlige nyhetsartikler.